Fretland & Fretland | Våre tenester
19080
page,page-id-19080,page-template,page-template-full_width,page-template-full_width-php,ajax_leftright,page_not_loaded,,select-theme-ver-1.7,wpb-js-composer js-comp-ver-4.11.2,vc_responsive

Våre tenester

Kva kan vi tilby?

På saklista-kurset gjev ei grundig og god innføring i offentleg språkbruk og saksbehandling, basert på læreboka med same namn. Kurset har vore halde over heile landet sidan 1990-talet, og er særleg populært hjå kommunar og andre offentlege verksemder som nyttar nynorsk i det daglege. Likevel fungerer det svært godt for alle offentlege verksemder som er opptekne av klar og nøyaktig språkbruk, uansett målform.

Kurs

På saklista-kurset gjev ei grundig og god innføring i offentleg språkbruk og saksbehandling, basert på læreboka med same namn. Kurset har vore halde over heile landet sidan 1990-talet, og er særleg populært hjå kommunar og andre offentlege verksemder som nyttar nynorsk i det daglege. Likevel fungerer det svært godt for alle offentlege verksemder som er opptekne av klar og nøyaktig språkbruk, uansett målform. Jan Olav og Jostein kan leigast inn til å halda både På saklista-kurset og andre, skreddarsydde kurs og innleiingar om språk og språkspørsmål.

Språkkonsulentar

Me har brei erfaring som språkkonsulentar frå ulike samanhengar, og kan brukast til det meste, frå formelle gjennomgangar av tekstar til hjelp med språkleg utforming av offentlege dokument. Me kan òg hjelpa private og offentlege verksemder med den språklege profilen deira, ved å utvikla retningsliner for rettskriving og språkbruk internt i verksemda.

Nettsider og informasjonstilfang

Fretland & Fretland har eit fast samarbeid med fotograf og grafisk designar Mariell Øyre om utvikling av nettsider. Me kan difor tilby fullstendige pakkeløysingar som dekkjer heile denne prosessen, frå å bestemma oppbygginga og utvikla tekstar til å utforma den grafiske profilen og få sida på nett. Det same gjeld for trykt informasjonstilfang, der me tilbyr pakkeløysingar for heile prosessen, frå tekstproduksjon til ferdig trykksak.

Målbruksplanar

Éin av spesialkompetansane våre er å hjelpe nynorsk- og språkdelte kommunar med å utvikle målbruksplanar, skreddarsydde for dei lokale tilhøva. Slike målbruksplanar hjelper kommunen å ha ein konsekvent språkbruk, som òg sikrar

Omsetjing

Me kan omsetja alle teksttypar frå bokmål til nynorsk og mellom nynorsk og engelsk.

tenester