Fretland & Fretland | Om oss
18859
page,page-id-18859,page-template,page-template-full_width,page-template-full_width-php,ajax_leftright,page_not_loaded,,select-theme-ver-1.7,wpb-js-composer js-comp-ver-4.11.2,vc_responsive
team_image

Jan Olav Fretland

Jan Olav Fretland (f. 1950) er dosent på lærarutdanninga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Han har gjeve ut ei rekkje fagbøker om språk og språkbruk, slik som På saklista, Rett og godt og Norske skrivereglar. Han er ein erfaren kurshaldar og har mellom anna vore leiar i Norsk Språkråd, leiar i Noregs Mållag og rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

team_image

Jostein Avdem Fretland

Jostein Avdem Fretland (f. 1990) arbeider ved sida av Fretland & Fretland som forfattar, komponist og omsetjar. Han har gjeve ut romanen & me skal bli omskapte (Samlaget, 2013) og omsette operaen I puritani (Bellini) til nynorsk for Opera Nordfjord hausten 2014. I 2017 vil Opera Nordfjord ha hans nyskrivne opera Sildagapet som sin hovudproduksjon, med musikk av Helge Sunde. Han har skrive musikk og tekstar til musikalen Kom heimatt, gut!, som vart innkjøpt av Den kulturelle skulesekken i 2016.

Fretland & Fretland

Kven er vi?

Fretland & Fretland vart starta då Jostein våren 2016 flytta frå London til familiegarden heime i Lærdal. Med kontor i kvart sitt hus på tunet, tek Jan Olav og Jostein med seg kvar sine styrkar og erfaringar til arbeidet med Fretland & Fretland.